Den 14.02.2021 så stifta vi endeleg organisasjonen!

Mange har vore med lenge på å utvikle og stifte organisasjonen og no har vi hatt stiftelsesmøte, vedtekter og eit styre.

Her er det valde styret

Christoffer B. Tallerås

Leiar

Christoffer er 25 år og kjem frå Lillehammer. Han er ein digital kunstner som bruker fri og etisk programvare. Blei veldig engasjert i fri programvare 2016 - 2017 då det føltes på tide å gå videre fra Windows 7, men sida å gå over til windows 10 ikkje særlegt aktuelt fallt valet på Linux uta å virkeleg vite kva det er. Til fornøyelse var Linux (Eller GNU + Linux) alt han hadde draumt om. Deretter har Christoffers engasjement innen fri og etisk programvare berre vokst.

I tillegg har Christoffer en del organisasjonserfaring fra andre politiske organisasjonar og er personen som lagde den største norske instansen av det desentraliserte og føderaliserte sosiale medie nettverket snabelen.no

Som leiar ønskjer Christoffer å vokse engasjementet rundt fri programvare i Noreg og skape eit miljø kvar likesinnede kan organisere seg og få gjennomslag for god digital politikk.


https://christoffertalleraas.no/

Anders C. Sørby

Generalsekretær

Anders er 26 år gammal og kjem frå Drammen.

Han jobber som programmerer og er veldig engasjert innen fri programvare og digital politikk.

https://sorby.xyz

https://snabelen.no/@anderscs

Marcus Myge

Kasserar

Marcus er 18 år og kjem frå Haugesund. Marcus har politisk erfaring fra Unge Pirater og er interessert i programmering og datasystemar.

https://mmyge.no/

https://mastodon.pirateparty.be/@marcusupirno

Vedlegg

  • Stiftelsesdokument
  • Sakspapirar for stiftelsesmøtet
  • Protokoll for stiftelsesmøtet
  • Vedtekter